|
Dette er den første sida eg laga til enkeltpersonsføretaket mitt. Sida vart laga i 2007, og sidan den gong har eg blitt ein fjellar. Les meir om dette på fjellar.no
De kan framleis nå meg på mobilnummeret og e-postadressa som står på toppen av sida.
Her kan de sjå litt arbeidsprøver og liknande frå den gongen:
Enkeltpersonføretaket
er Håvar Fagerli frå øya Barmen i ytre Nordfjord. Eg er 76-modell, og likar veldig
godt å bruke fotoapparat og tastatur. I tillegg er videokameraet med i veska når
eg er på reportasjetur.
Sidan juni
2006 har eg hatt engasjement for avisa Fjordenes Tidende i Måløy, men tek òg på
meg oppdrag for andre.
Mediamakar
vart fødd i 2003 då eg skulle sende ein faktura, og måtte registrere meg i
Brønnøysundregistra.
Eg arbeider
med fleire medium. I dag kan eg levere foto, tekst og video. I tillegg kan eg
hjelpe til med utvikling av nettsider. Til dømes har eg laga denne nettsida du
er inne på no.
Til no har
eg levert artiklar/foto til Sunnmørsposten, Fjordenes Tidende, Bergens Tidende,
NRK Sogn og Fjordane og Aftenposten. Noko av materialet eg har produsert har òg
blitt brukt av ulike magasin i Sogn og Fjordane
På denne sida
kan de sjå og lese litt av det eg har produsert til no. Håpar eg får sjansen
til å levere noko til deg òg.
Klikk her for å gå tilbake til fjellar.no
|